Tredreier forum

Tredreier forum

Bli med i fellesskapet.

Dette forumet er laget for å kunne brukes av alle som driver med eller er interressert i tredreiing. For å få rettighet til å lage nye innlegg og legge inn bilder, må man registreres av meg eller et annet medlem. På denne måten håper jeg at vi kan få samlet mange av oss som driver med tredreiing til et fellesskap til felles nytte og glede. Send en e-post til post@verktoyas.no hvis du vil registreres som medlem.

inspirasjon ifrå Kreta

Tredreiing genereltOpprettet av Arne Sortland ti., oktober 05, 2010 21:41:15

Nettopp heimkomen etter ein finfin tur til Kreta. Eit av høgdepunkta var å møta den kjende tredreiaren Nikos Siragas. Han hadde flott galleri med masse fint han hadde laga, og verkstad med masse utstyr. Nikos har halde fleire kurs i Stavanger, og på brosjyren hans fann me bilete ifrå 2003,der både Jon Meland og Ole Sunde (som var saman med oss på denne Kreta turen) Nikos hadde også ein dreiebenk ute på gata rett utanfor galleriet sitt Her demonstrete han dreiing om kveldane mellom Kl. 20.00 til Kl. 23.00. Me valde ein måndagskveld og fekk flott undervisning i bruk av nytt verktøy og ikkje minst i måten han polerte dei tinga han laga. Her var han heilt suveren med pussing av oliventre heilt opp til corning 2000, før han la på grunning og voks. Resultatet blei kjempefint. Ei flott oppleving i ein sval og fin Kreta kveld.

  • Kommentarer(0)//forum.tredreier.no/#post80