Tredreier forum

Tredreier forum

Bli med i fellesskapet.

Dette forumet er laget for å kunne brukes av alle som driver med eller er interressert i tredreiing. For å få rettighet til å lage nye innlegg og legge inn bilder, må man registreres av meg eller et annet medlem. På denne måten håper jeg at vi kan få samlet mange av oss som driver med tredreiing til et fellesskap til felles nytte og glede. Send en e-post til post@verktoyas.no hvis du vil registreres som medlem.

Messetider

GalleriOpprettet av Arne Sortland on., november 07, 2012 23:04:22

Det er messetider. På Huglo hadde me forrige helg, og salget vart over all forventning.

Den 23-26 November er det i Turnhallen på Leirvik neste messe for meg bli i haust.


  • Kommentarer(0)//forum.tredreier.no/#post144

ny senterstøtte

Verktøy og utstyrOpprettet av Arne Sortland to., mars 22, 2012 19:00:49

Her kjem den siste jiggen eg har laga, ei senterstøtte. Ei 25 mm kryssfinerplate 3 rulleskøyterhjul, nokre boltar og litt arbeid så vart resultatet ikkje så verst. No kan eg prøva meg på "høge" ting utan at det skulle by på særlege problemer.

  • Kommentarer(6)//forum.tredreier.no/#post130

kulejigg

Verktøy og utstyrOpprettet av Arne Sortland ma., januar 30, 2012 18:16:45

Hei Svein og andre! Du spør om korleis eg har laga kule jiggen eg brukar.Poenget er å laga ei verktøyblokk som svingar rundt eit senter som ligg nøyaktig under spindelspissen. Benken min har så stor senterhøgd at eg har først laga ein sokkel som kan stillast langsetter benken. Du må vera 100 % nøyaktig med dette arbeidet slik at verktøyblokka svingar heit i senter. Så må verktøyet ligga nøyaktig i same høgd som senterspissen også.

Her ser du jiggen eg har laga. Sjølve verktøyet laga eg av eit 12 mm. firkantstål der eg festa eit hardmetall skjær kjøpt hos VERKTOYAS. Verktøyhaldaren er festa til ein glidar med dei to gjennomgåande boltane du ser på toppen. Messingskruen i midten er til å festa og stilla verktøyet. Glidaren kan eg skru ut og inn med det vesle rattet i front. Glidaren må også vera heilt nøyaktig laga utan den minste form for "slark". Skjelv verktøyet vert arbeidt misslukka.

Når du har dreidd kula slik du ser den står i benken her, skifter du senterspissane med chuck påmonter eit trestykke der du dreier eit lite mothald for kula. Det same gjer du på bakdokken. Sjer så av mesteparten av festepunkta i kvar ende av kula, snu den 90 grader og fest den mellom klemklossane. Juster så inn sokkelen under verktøyblokka slik at vertøyet tangerer det ferdigdreidde partiet av kula både på høgre og venstre side. Skru verktøyet litt ut, start benken og ta små kutt til du ser at verktøyet tangerar kula. Har du gjort det rett så er kula no heilt rund.

Elles kan eg tipsa om at på youtube finn du mangt "løye". Søk på Woodturning og sphere jig så kjem det opp mange forslag. Lukke til

  • Kommentarer(3)//forum.tredreier.no/#post129

kule kuler

GalleriOpprettet av Arne Sortland lø., januar 28, 2012 18:38:22

Med ein god del avkutt som vert lagd tilsides, fordi dei har ein fin struktur, ein kule jigg og ikkje noko betre å finna på så kan resultatet bli som dette.

Emna er av ask, raun, kastanje, eik og einar (brakje). Vassbeisa, farga med div. spritbeis, grunna med akryl sealer, slipt tilslutt med nr. 600, Woodwax 22, og polert.

  • Kommentarer(2)//forum.tredreier.no/#post128

presang

GalleriOpprettet av Arne Sortland lø., desember 10, 2011 22:40:55

Det har vore ei travel tid med dreiebenken i det siste. Messe og Julebutikk treng litt tid. Her er ein presang til ein god ven på 70 årsdagen.

Skåla er i selje, måler 275 x 85 mm, pussa til 600, shellakk sealer og finish oil med voks på toppen.

  • Kommentarer(3)//forum.tredreier.no/#post123

Dreiing i "surtre"

Tredreiing genereltOpprettet av Arne Sortland on., november 23, 2011 20:36:25

Av og til finn eg emner som er meir eller mindre surna. Det er ofte dei som er kommen lengst i dette soppangrepet som har finast og mest markert mønster. Er det nokon som har eit godt forslag til å stabilisera desse emnene. For eks. eit bolle emne.

Eg har lurt på om expocsy, som West coust systemet, er er verdt prøva. Er det nokon som har prødt dette?

Jimmy Clewes lærde meg ein gong å bruka sjellak sealer, men er emnet svært mjukt så blir det lett mjukt etter ein trur ein er ferdig også.

Forslag vert motteke med takk.

Helsing Arne

  • Kommentarer(4)//forum.tredreier.no/#post121

Dreiing av grønt tre

GalleriOpprettet av Arne Sortland sø., august 28, 2011 14:57:52

Fekk ein fin tur til Bergen og ”dreiebåten Gann” i går. Mykje fint å sjå med kjenningar og likesinna å treffa. Takk til WWW VERKTØY AS, med Odd-Erik og hans medhjelparar, som gjorde dagen til ei rik oppleving for oss som møtte fram.

Inspirert av alle dreiebenkane, både inne og ute, der nokre også dreidde i ”Green Wood”, så fekk eg i dag lyst til å praktisera dreiing i grønt tre i eigen hage. Resultatet ser de her. Mette var utseld for sandpapir i rett korning, så denne barlinda som er ca 3-4 meter høg, er ikkje pussa.

Kommentar vert motteke med takk.

  • Kommentarer(1)//forum.tredreier.no/#post114

Dreiing i grønt tre

GalleriOpprettet av Arne Sortland lø., august 27, 2011 17:14:10

Fekk ein fin tur til Bergen og ”dreiebåten Gann” i går. Mykje fint å sjå med kjenningar og likesinna å treffa. Takk til WWW VERKTØY AS, med Odd-Erik og hans medhjelparar, som gjorde dagen til ei rik oppleving for oss som møtte fram.

Inspirert av alle dreiebenkane, både inne og ute, der nokre også dreidde i ”Green Wood”, så fekk eg i dag lyst til å praktisera dreiing i grønt tre i eigen hage. Resultatet ser de her. Mette var utseld for sandpapir i rett korning, så denne barlinda som er ca 3-4 meter høg, er ikkje pussa.

Kommentar vert motteke med takk.



  • Kommentarer(1)//forum.tredreier.no/#post111

bøkekubbe

GalleriOpprettet av Arne Sortland ti., juli 05, 2011 21:25:03

For ei tid sidan fekk eg ein kubbe av bøk, ca 35 x 35 cm, med spørsmål om eg kunne laga eit eller anna av den. Treet hadde stått i hagen frå ho var lita jente. No var det teke vekk og ho yngste seg eit minne. Der var ein stor kvist i eine sida, men eg prøvde å skjera ut mest mogeleg av kubben. Eg grovdreidde, og etterturka m.a. i microbølge omnen. Her ser de resultat av det eg fekk til. Ho som skulle ha det vart fornøgd.

  • Kommentarer(1)//forum.tredreier.no/#post110

Kulespel

GalleriOpprettet av Arne Sortland to., april 14, 2011 15:46:36

Så var kulespelet ferdigt.

Brettet er i lønn ca 41 sm. diameter.

Kulene er i svartor. 32 kuler a 32 mm diameter.

Overflatebehandling brett er akryllakk og kuler olje og voks.

Blir basargevinst på laurdag.

  • Kommentarer(2)//forum.tredreier.no/#post103

Etter jul.

Verktøy og utstyrOpprettet av Arne Sortland fr., februar 11, 2011 20:43:09

”Jula varer heilt til påske” høyrde me stundom før. No er det lenge sidan eg har sett nokon av dykk vera frampå med eit eller anna. Kan dette ordtaket vera litt av grunnen? Eg må vera ærleg å innrømma at det har ikkje vore så mykje dreiing her heller etter jul. Det går i vedhogging for tida, og då dukkar det stundom opp kubbar som er alt for fine til å brenna slik med ein gong. Fann ei nydelege selje som eg grovdreidde nokre barkekant skåler av her ein dagen. Så får tida visa kva det blir til vidare.

Her vil eg visa kva eg har laga dei siste dagane, ein kulejigg. Eg hadde litt avkutt av ei nylonplate på 40 mm tjukk. Med ikkje så lite grubling, og litt prøving og eit par dagar med pensjonistarbeid vart resultatet som vist. Kulene blir i alle fall rette. Sjølve giggen er sett saman med vanlege boltar og skruer ”Glidaren” går i T spor ved hjelp av ei 8 mm. jenge stang (visstnok det einaste av materialane eg har kjøpt).

Så kjem det store spørsmålet: Kva skal eg med alle kulene?

Helsing Arne.



  • Kommentarer(3)//forum.tredreier.no/#post97

Ljosestaker

GalleriOpprettet av Arne Sortland ma., januar 03, 2011 23:09:57

Godt nyttår til alle tredreiarar.

Her kjem eit par ljosestakar eg laga som julegåve til Katrine. Designen er den no så vel kjende Osolnik sin. Desse er laga i eik, beisa med eddikbeis og etterpå sealer før porene er renska opp med messingbørste og fylt med kalkvoks før endeleg polering er utført med hardvoks til slutt.

For at ikkje kalkvoksen skal smitta utover meir en berre åringsporer så må pussinga vera ekstra fin. Opp mot 1200 corning minst. Etter sealer må det slipast ekstra lett med stålull nr. 0000, og kalkvoksen arbeidast godt inn i årringsporene.

Julegåva vart svært godt motteken.

  • Kommentarer(2)//forum.tredreier.no/#post95

Fruktfat

GalleriOpprettet av Arne Sortland ma., november 29, 2010 09:41:27
Her kjem siste fatet eg har laga. Det fekk ikkje stå så lenge på messebordet før det var ein som var interessert. Fatet er laga i lønn, ca 30 cm, mønsteret er skåre ut med geisfus og etterpå er dremmelen og ein høveleg fres brukt, etterfulgt av fin stålbørste. Kanten er forsegla med grunning og melamin, innvendig er det Danish olje og voks.

  • Kommentarer(2)//forum.tredreier.no/#post92

Turkopp

GalleriOpprettet av Arne Sortland sø., november 21, 2010 13:48:07
Her kjem ein litt stor turkopp eg laga for nokre veker sidan. Sjølve koppen er 11 cm i d. og ca 6.7 h. Innlegga i handtaket er reinsdyrhorn plukka opp på Finnmarksvidda. Skarpt verktøy og ein stødig benk er viktig når slike ting skal dreiast.

  • Kommentarer(3)//forum.tredreier.no/#post90

Kombijern

Verktøy og utstyrOpprettet av Arne Sortland lø., november 13, 2010 20:02:10

På Kreta, tidlegare i haust, såg eg kor enkelt Nikos Siragas bruka ein rund meisel. Heimkomen ville eg prøva eit slikt jern, men det vart ikkje at eg kjøpte noko.

Ein dag eg stod med eit dreiejern i handa kom eg på uttrykket ”Alt har ein ende men pølsa har to” og tenkte då på at det ikkje berre er pølsa som har to endar. Det har eit dreiejern utan skaft også. For ei tid sidan kjøpte eg nokre skaftholkar ifrå USA, som eg hadde laga skaft på, og plutseleg kom tanken om å slipa skaftenden av bolleskulpen om til ein meisel. Som tenkt så gjort og jammen så funka det også.

  • Kommentarer(4)//forum.tredreier.no/#post86
Neste »